Det var ikkje eg som sette tittelen «historikar» under innlegget mitt der eg stilte spørsmål til Kjartan Fløgstads artikkel i Bokmagasinet 26. oktober om oppgjeret etter nazismen i DDR.
Eg er rett nok historikar, men eg har ikkje arbeidd med det stoffet vi her diskuterer. Interessa mi for Tyskland ligg nærare hjartet. Eg skreiv som samfunnsinteressert lesar og peika på ein brest i logikken i det Fløgstad skriv. Eg er ikkje interessert i ei mannjamning mellom dei to tidlegare tyske statane. Det var utan tvil eit manglande oppgjer både i statsapparatet, samfunnsliv, næringsliv og i skulen i vest i åra etter krigen.
Eg veit sjølvsagt også godt om dei veldige endringane som folket i aust har vore utsette for etter murens fall. Likevel – dersom eit oppgjer skal ha ein funksjon – må ein vel sjå resultat i samfunnslivet og hjå individa? Kva er elles vitsen med eit oppgjer?
Er ikkje lærdom og endring sjølve meininga med eit oppgjer? For meg er det dette spørsmålet som er mest interessant. Kvifor vender så mange i aust seg til ein totalitær ideologi med heilt klar arv frå fascisme og nazisme? Spesielt dersom oppgjeret med den totalitære nazistaten var så gjennomgripande?
Eg har ikkje svar på det – det trur eg ingen har, for livet og menneskehjartet er samansett – men eg skulle gjerne sett at tyskarar som bur i Noreg, eller norske kjennarar som Anette Storeide eller Astrid Sverresdotter Djupvik, kunne gje oss eit større innblikk i dette.