Odd Nordstoga og Jo Nesbø dansa hos Lindmo på NRK her ein fredagskveld. Nordstoga spela ein ny song der han ber folk om å dansa sjølv om dei ikkje kan. Han seier at «dette er ein dans for dei som ikkje kan danse, som ikkje kan veive og vrikke og vèr fri». Han trur det er noko, kanskje i oss alle, noko «som sydar og putrar og kokar og vil ut, og på forløysing det ropar: Få ut, få ut!». Det er ein song med tvisyn, om lyst og ulyst, om det som kan synast enkelt, men som kjennest umogleg: Korleis kan du dansa viss du ikkje kjenner at du kan?
Kan du dansa viss du ikkje kan dansa? Egil Bakka om korleis kunstdans fortrengde samværsdansen og gjorde alle flaue.