MEDVIT

Den merkverdige verda

KNUT LØVÅS

Det er grytidleg og før bygda har vakna. Eg opnar ytterdøra og lyttar. Det har vore varme sommardagar der sola har varma opp alt som ikkje ligg i skugge. Gelenderet er varmt. Jorda tørr som støv. Lufta er mild mot huda. Vindstille, alt er stille. Ingen lydar. Ei dirrande, tørst stille ligg over landskapet. Så kjem regnet.