Oppgjer i bakhagen?

Med utgangspunkt i ei lokal jordvernsak hevdar Ingrid Fiskaa 14. september at «det er me som bur her som kjenner verdiane i nærområda» og konkluderer at «klokskapen aukar ikkje med avstanden til saka». Det er rett og i tråd med god venstresidepolitikk. Men det er også rett når SV-nestleiar Kirsti Bergstø i same avis hevdar at «det er noen verdier som faktisk angår flere enn de som akkurat bor der». Kven skal i slike tilfelle bestemme? Hovedregelen vil vere folkevalte, men på kva slags nivå (grendeutval, kommunestyre, fylkesting, Stortinget)? Dette medfører ei rekke vanskelege dilemma som norsk venstreside sliter med. NIMBY-fenomenet (not in my backyard) er eit eksempel. Konflikten mellom naturvern og klimaendringar er eit anna. Avvegninga mellom nasjonale likskapsverdiar og lokale fridomsverdiar er eit tredje. Så spørsmålet blir kven skal bestemme i bakhagen? Og i kva slags saker? Både Ingrid Fiskaa og Kirsti Bergstø er hermed utfordra.

Debatt