Tidleg i Bertheussen-etterforskinga kritiserte Solberg kommentatorar som ytra at det kunne dreia seg om ikkje-reelle truslar mot justisminister Wara: Jeg reagerer når man velger å spekulere rundt dette. At statsministeren uttrykte seg om saka, overlèt eg til andre å ha meining om; eg meiner noko om uttrykksmåten. ‘Rundt’ har vorte ‘all round’ i seinare år, så dugeleg misbrukt at medvetne språkfolk kjenner seg uvel. Me spekulerer på (då tenkjer me) eller i (då investerer me). Eit anna bevisstlaust døme er debatten rundt kornprisane.
Me er vitne til ei sykje.