Une Bastholm let seg intervjua i Klassekampen 27. august. Ho vil at MDG bør danna regjering saman med SV og Ap etter valet neste år. Sp, som ifølgje ho appellerer til korttenkte egoistar, bør ikkje delta i ei slik regjering! Ut frå det skjønar eg at ho betraktar både SV og Ap saman med MDG å appellera til langsiktig tenkjande og ueigennyttige veljarar.