Folket i Bolivia kan velje mellom ein sosialistisk økonom, ein mann utan ryggrad og Cruella de Vil.

Kven skal få makta?

SMART, VEIK OG VOND: Presidentvalet i Bolivia i oktober står truleg mellom tre kandidatar, skriv forfattaren. Frå venstre (bildemessig og partipolitisk): Luis Arce, Carlos Mesa og Jeanine Áñez. FOTO: AIZAR RALDES OG BOLIVIAS REGJERING, AFP/NTB SCANPIX AIZAR RALDES

Det vart stor debatt då Morales stilte til eit tredje presidentval i fjor. Kandidaturet var grunnlovsstridig og høgresida nytta situasjonen til å kuppe makta. Men trass kritikken rundt valet går den karismatiske aymaraen og sosialisten Evo Ayma Morales inn i historiebøkene som Bolivia sitt svar på Gerhardsen. Han bygde opp kimen til ein velferdsstat, halverte fattigdomen og reduserte ulikskapen. Morales var svært populær. Kven skal no styre det fattige urfolkslandet? Får den sosialistiske regjeringa fortsetje, og kva kandidatar står eigentleg valet om?

Kronikk