Me flyg mindre; bra for jorda. Men orda – er verdsdel og kontinent det same? Me kan nytta både det norske og det latinske, men der er litt skilnad. Verdsdel er ein geografisk og kulturell hovuddel av jorda, i alt seks: Afrika, Amerika, Asia, Europa, Antarktis, Oseania. Eller sju, om ein deler Amerika i Nord-Amerika og Sør-Amerika. Kontinent, frå terra continens (samanhengande land), er berre geografisk definert. Dei er fem: Eurasia, Amerika, Afrika, Australia, Antarktis.
Kultur og geografi splitter og foreiner.