Innanfor britisk, analytisk filosofi er «metafysikk» ingen nedsettande term, men refererer til utforskinga av dei grunnleggande føresetnadene for vitskap og filosofi. Under overskrifta «Basic metaphysics: reality and truth» leverer for eksempel John R. Searle eit sterkt forsvar for den kunnskapsteoretiske realismen. Han er rett nok amerikanar, men han gjennomførte filosofistudiet sitt i England, nærmare bestemt i Oxford. Searle slo gjennom internasjonalt i 1969 med boka «Speech Acts», som bar i seg ei kreativ vidareføring av språkfilosofien til J.L. Austin. Men han blei også vitskapsteoretikar og ein viktig talsmann for realismen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
