Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Det filosofiske hjørnet

Handfast realisme

Det finst ei verkeleg verd som er kring oss uansett kva vi gjer eller trur.

SNØFRESAR-FILOSOFI: Å seie at ein ustyrleg snøfresar med roterande trommel er eit drapshungrande monster, er kanskje å nytte feil vokabular – men å beskrive maskinen i ingeniør-terminologi ville ha vore endå fjernare frå realiteten, skriv forfattaren. Her Øystein Sunde med snøfresar. FOTO: ØRN E. BORGEN, SCANPIX Ørn E. Borgen

Innanfor britisk, analytisk filosofi er «metafysikk» ingen nedsettande term, men refererer til utforskinga av dei grunnleggande føresetnadene for vitskap og filosofi. Under overskrifta «Basic metaphysics: reality and truth» leverer for eksempel John R. Searle eit sterkt forsvar for den kunnskapsteoretiske realismen. Han er rett nok amerikanar, men han gjennomførte filosofistudiet sitt i England, nærmare bestemt i Oxford. Searle slo gjennom internasjonalt i 1969 med boka «Speech Acts», som bar i seg ei kreativ vidareføring av språkfilosofien til J.L. Austin. Men han blei også vitskapsteoretikar og ein viktig talsmann for realismen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?