I juni skreiv Helge Torvund i Klassekampen om den amerikanske psykiateren Bernard Beitman. Då forstod eg at tida var komen, lagnaden ville det. Berre to dagar før hadde Per Welde skrive si baksidetekst her i avisa om Ben Barka, opposisjonsleiaren på 60-talet mot kongen i Marokko. Og kva heiter gamleredaktøren i avisa vår? Bjørgulv Braanen. Høyrde nyleg at den siste gardshesten ein bonde øvst i Numedal sala av for nokre år sidan, bar namnet Bjørgulv …
Korleis har nokon bokstavar blitt gjentatt i det uendelege?