Aleksander Åsnes
Avis
Det blir stadig færre uavhengige lokalviser her i landet. Mediekonserna et dei opp. Hardanger Folkeblad, som kjem ut i Odda, vil nok bli ei av dei siste. Redaktør Sigbjørn Linga har dei siste vekene vore i ein polemikk med Nordlys-redaktør Helge Nitteberg på bransjenettstaden Medier 24. Linga vekte mellom anna merksemd ved å skrive at han heller ville jobbe i barnehage enn å selje avisa til Amedia, og det sjølv om han ikkje likar ungar.
Eg kjente ikkje til korkje Linga eller Nitteberg frå før, men det er ingen tvil om at all min sympati ligg hos han som nektar å bukke under.
Alle Amedia-redaktører meiner at Amedia-aviser er veldig ulike, og at dei har full redaksjonell fridom. Det store problemet deira er det betyr at dei alle heilt uavhengig av kvarandre har hatt lyst til å lage ei enklare og dårlegare avis enn før.
Det er vanskeleg å vurdere kvaliteten på ei avis, du må nesten vere dagleg lesar for å gjere det skikkeleg.