Må underskotet på statsbudsjettet dekkast av uttak frå pensjonsfondet?

Å betale for krisa

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Koronakrisa tynger som ein mare over heile kloden. Det internasjonale pengefondet (IMF) skriv at «Den store nedstenginga» representerer «den verste resesjonen» sidan den store depresjonen i 1930-åra og er «langt verre» enn den globale finanskrisa i 2008–2010. IMF spår at i 2020 vil BNP i dei «fremste» («advanced») økonomiane falle med seks prosent, medan utanrikshandelen vil bli redusert med nær tolv prosent. I denne situasjonen prøver dei fleste statar etter evne og kapasitet å avlaste befolkninga og, aller mest, næringslivet.

Kron og mynt