Helse og hytter

Eg vedstår meg omgrepa eg 15. april bruka om inntrykket Bjarne Flølo gav 24. mars. Haldningane debattantar syner, er eit sakleg debattgrunnlag, so sant fakta og sakvurderingar ikkje kjem i skuggen. Det gjorde dei ikkje i svaret mitt. Flølo trur ikkje på dei fakta eg omtala. Men primærhelsetenesta i Vinje er dimensjonert til å takle normal sjukdom- og skadetilstand både hjå innbyggjarane og hyttegjestene, i påska supplert av Raudekrossen. Det hjelper ikkje at Fylkesmannen stør Flølo sin insinuasjon om at det ikkje er sant. Dei tek båe feil.

Debatt