DebattKinaJohannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen
Vesten har heia på Kina i kampen mot korona. Vi får takka for det positive og gleda oss over at livet i ei rad kinesiske storbyar no vert lettare å leva. Men dette er ikkje tida for å gløyma at Kina er eit brutalt diktatur. Det har ikkje gått i karantene. Vi får vita det som Kina vil vi skal vita. Sensuren har ikkje teke virusferie.