Finnes-saken
Etter ein rangel – 2023
(Fritt etter Jakob Sande)
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, – trur eg.
Eg skal aldri handla aksjar meir og skjemma ut mitt viv,
– trur eg.
Eg skal aldri spekulera meir i veddemålsrus,
men halda stien rein i skuggen i Bergens Høgres hus,
– trur eg.
Alle meklarar eg møter, skal eg sky som berre fan,
– trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein fullgild embetsmann,
– trur eg.
Eg skal sitja som ein dott i ein parterapi-ring,
og drikka kaffi medan drøset går om regel-rolle-ting,
– trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
– trur eg,
koma ruslande på heimveg og med hatt på hatt på hatt,
– trur eg.
Eg skal leggja meg når børsen opnar upp sitt ormebol,
og stå upp når kona stuvar bort sin breie embetsstol,
– trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
– trur eg.
Taka striden upp mot hækna og den heile mammonsmakt,
– trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg har so spøkje lyst
te innkassera vinstane på kronefallet fyrst,
– trur eg.
Bård Eskeland