Me bøyar oss ... i hatten?

Teigen og tida

MANN MED HATT: Jahn Teigen gjekk i kvart fall inn i si tid.

«Jahn Teigen gikk ut av tiden», skreiv Fædrelandsvennen den 26. februar. Det er idiomatisk korrekt. I Klassekampen, same dag, stod det at Jahn Teigen «gjekk inn i tida». Det er feil (og det er ingen grunn til å tru at det var humoristisk meint). Skrivaren har surra med tida og det evige. Når me lever, er me i tida. Når dét ikkje lenger er tilfellet, forlet me tida og går over i det evige. Det evige har ingen start eller slutt, det er – tidlaust.

Innenriks