I god tro

Farleg nytt?

To lovforslag om hatytringar og «fake news» skapar splid i Nigeria.

FOR YTRINGSFRIDOMEN: Motstandarar av dei kontroversielle lovforslaga demonstrerer i Abuja i november. FOTO: KOLA SULAIMON, AFP/NTB SCANPIX KOLA SULAIMONFOR YTRINGSFRIDOMEN: Motstandarar av dei kontroversielle lovforslaga demonstrerer i Abuja i november. FOTO: KOLA SULAIMON, AFP/NTB SCANPIX KOLA SULAIMON

Ifølgje FN sine framskrivingar vil Nigeria om tretti år doble befolkninga. Viss prognosane stemmer vil landet ha 400 millionar innbyggarar i 2050 og vere det tredje største landet i verda. Nigeria har i dag den største økonomien på kontinentet, og er ein internasjonal stormakt når det gjeld oljeproduksjon. Nigeria er og store på kultur, musikk, film og litteratur: den nigerianske filmindustrien Nollywood dominerer i Afrika og gjer stadig nye innhogg i strøymetenester som Netflix. Dei er storeksportørar av religion, kor særleg nigerianske karismatiske pinsekyrkjer har etablert seg tungt, både i digital og fysisk form, særleg i landa vest for Sahara. Nigeria er med andre ord ein premissleverandør i regionen, politisk, kulturelt, religiøst og økonomisk. Landet har store moglegheiter, men og store utfordringar: Fattigdom og økonomiske skilnader, korrupsjon, svake statlege institusjonar og aukande sikkerheitsutfordringar knytt til kriminalitet, ressurskonfliktar og muslimske terrorrørsler gjer at landet i tiåra framover må arbeide på mange frontar for å gje den raskt veksande befolkninga trygge rammer for sine liv. Det er altså mange grunner til å følgje ekstra godt med på Nigeria, eit land som meir og meir vil prege regionen, og verda.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

I god tro

Staten og Misjonen samar­beidet om tvangs­as­si­mi­lering av taterne/romanifolk. Nå trengs et oppgjør.

Motstanden mot regimet i Iran har kostet meg dyrt, men det fins dessverre ingen annen vei for meg.

Terroren 11. september 2001 formet meg og mange andre muslimer på måter vi ikke kunne ane den gang.