Ut av klisjeane hore og madonna skapte Dostojevskij eit myndig menneske.

Kjelde til visdom

OMVENDT: Mot slutten av «Brotsverk og straff» har Sonja blitt sterkare enn Raskolnikov.

Første gong eg las «Brotsverk og straff» av Fjodor Dostojevskij, eller «Raskolnikov» som ho har blitt heitande på norsk, var mens eg skreiv på hovudfagsoppgåva mi, med dårleg konsentrasjon i ein overbefolka juleferie. Likevel har eg gått omkring og trudd at eg hadde fullverdig kjennskap til denne gamle romanen om ein russisk student som gjer rovmord på ein gjerrig pantelånar og tenestejenta hennar. Særleg har eg hengt meg opp i Sonja, den spinkle tenåringen som sel sex for å skaffa mat til dei tre stesøskena sine, og sagt at Dostojevskij uttaler seg på sviktande grunnlag fordi han er for pysete til å gjennomføra den fusjonen mellom hore og madonna som han prøver seg på.

Solveigs salt