Hilde Reitan, styreleiar i Folkorg og Linda Dyrnes, dagleg leiar i Folkorg
KLEMMAR TIL: Det har teke mange år å få utvikla Folkelarm. No er den i ferd med å finne si form, og vi tek gjerne imot konstruktive innspel, skriv innsendarane.FOTO: KNUT UTLER/FOLKELARM KLEMMAR TIL: Det har teke mange år å få utvikla Folkelarm. No er den i ferd med å finne si form, og vi tek gjerne imot konstruktive innspel, skriv innsendarane.FOTO: KNUT UTLER/FOLKELARM
Anne Hytta skriv i Klassekampen 20. januar at ho vil ha ein brei folkemusikkfestival i Oslo i staden for bransjetreffet Folkelarm. Folkorg stiller seg bak tanken om ein folkemusikkfestival i Oslo, og vi utfordrar alle dei gode kreftene som finst i miljøet om å slå seg saman og ta initiativ til utvikling av ein slik festival. Ikkje som ei erstatning for Folkelarm, men som eit supplement. Det bør vere grunnlag for båe delar!