Ein morgon for tusen år sidan låg to halvbrør og småprata i ei seng på eit loft. Eldstemann Torstein var lang og slank. Den yngste, Grette, var ein grovbygd bråkmakar som mange ville ha livet av. Han gjorde godmodig narr av armane til storebroren: «Eg trur du snautt har kvinnemakt!» Torstein svara at det kunne så vera, men at det var desse tynne armane som skulle hemna Grette, skulle det nokon gong bli gjort.
Han angre som ein som vil levera tilbake ein altfor dyr luksusbil.