Solveigs salt

Måneterapi

At me berre er usselt småkryp, er eit påskot for å sovna på vakt.

Kanskje dei verkeleg meiner det, eller kanskje det berre er fordi dei synest det høyrest kledeleg beskjedent ut, desse mennene som klagar over at dei kjenner seg så små i det uendelege verdsromet. For meg kjennest det heilt naturleg. Til liks med mauren til Inger Hagerup er eg akkurat passe stor, fyller meg sjølv på langs og på tvers. Kva skal eg med hovudet opp i stratosfæren?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Slaven som helt

Då det blei sett opp skotpremie på Håkon jarl, hadde han allereie mist hirda si og hadde berre ein einaste mann att, trælen Kark. Den siste natta dei levde, sat dei samankropne i ei jordhole som Kark hadde grave ut under ein grisebinge. Begge to var i sterkt sinnsopprør. Håkon var redd for at trælen skulle svika han, og insisterte på at dei heilt frå fødselen var knytte saman i tett lagnadsfellesskap. Dersom han sjølv blei drepen, var det slutten for Kark òg. Kark, som fram til no berre hadde eksistert som ein lem på kroppen til Håkon, tok derimot til å sjå for seg ei framtid på eigne bein. Det blei det ikkje noko av, for då Kark tok hovudet til Håkon med til kongen for å innkassera dusøren, blei han avretta på staden.

Ar­beids­kraft

Mens nordmenn med kuhorn på hovudet lagar rorørsler og rolydar på amerikanske fotballtribunar, uroar andre seg for den dyrkinga av vikingtida som ligg attom. For alle veit jo at vikingane «plyndret, drepte og voldtok», og dessutan synest utlendingane sikkert at det ser forferdeleg dumt ut. Derimot kjem det sjeldan protestar mot den tradisjonelle feiringa av den amerikanske frigjeringskrigen, endå så mange soldatar som blei lemlesta og drepne, for ikkje å snakka om utryddinga av urfolket i tida som følgde. Den nådelause slavedrivaren George Washington blir halden høgt i ære som pioner og president i «the land of the free», og Thomas Jefferson sine fråsegner om fridom og menneskerettar gjeld framleis for grensesprengjande framsteg, sjølv om dei tvangsimporterte afrikanske arbeidarane fekk træla på som før. Dette skjedde så pass nyleg som for to hundre og femti år sidan, og er svært grundig dokumentert. Kjeldematerialet frå vikingtida er mykje knappare, med lite konkret informasjon og mykje propaganda og overtru. Men det er i alle fall semje om at den offisielle starten var i 793, då norske røvarar plyndra det kristne klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England. Trass i seigliva påstandar om at havet spydde ut ei uteljande mengd med skip, var det ikkje verre enn at mange av munkane kom seg unna.

Likevekt

Eg synest det er stas når fotballfansen vår sit på ein amerikansk stadiontribune og roper hu! hu! mens dei gjer åretak med armane som om dei ror eit vikingskip. For det særeigne med kulturen her i nord var at krigarane rodde sjølve, i staden for å fylla dei smekre skipa sine opp med slavar. Rett nok brukte ikkje dei verkelege vikingane kuhorn på hjelmane, og ikkje var det noko typisk norsk med dei heller: I dei norrøne sogene er ein viking det same som ein røvar, same kor han kjem frå. Dessutan var den såkalla vikingtida først og fremst kjenneteikna ved havgåande skip og internasjonal kontakt, og kunne vel så gjerne heitt den norrøne utferdstida. Eller den store samhandlingsepoken, i og med at det ikkje blei mindre vald etterpå, då makta blei samla på færre hender. Dessutan fekk folk flest skralare helse, og det var knapt nokon som hugsa at det hadde funnest ein liten koloni av norskætta kvinner og menn i Nord-Amerika. Ein gong midt på ellevehundretalet, halvtanna hundre år etter at handelsmannen Leiv Eiriksson steig i land i Vinland og hundre år etter at vikingtida offisielt var slutt, kom bergensaren Eindride unge heim frå det indre Middelhavet, der han hadde jobba som leigesoldat, og sa til Ragnvald jarl, som var på besøk frå Orknøyane, at han burde ta seg ein tur til dei store og mektige landa i sør, han òg. Det blei opptakta til ei kombinert røvar- og pilegrimsferd som gjev innsyn i den eineståande likevektsfilosofien i ein nesten gløymd kultur. Mange ville vera med, så sant Ragnvald var førar for heile ekspedisjonen, for han var svært godt likt.