Dagboka

Snø

  • Det snør oftare i Bergen enn det folk som ikkje bur her veit. Eg vil tru snømengdene slår dei i hovudstaden, men fordi det regnar endå oftare, vert ikkje snøen liggjande så lenge. Kommunen, fylkeskommunen og Statens vegvesen har ganske god styring over moking av gatar, vegar og gang- og sykkelvegar, men når det kjem til fortau i Bergen er moking eit ansvar for huseigar, og her kjem eg inn. nn Som luteigar i Sameiet Thormøhlens gate 28 har eg delansvar for moking av kring 50 meter fortau, og eg tek ansvar for alle ti luteigarar, inkludert Bergen kommune, som har to små utleigehusvære i sameiget. Som morgonfugl er eg oppe før fanden får på skoa sine og tråkkar ned snøen. Så moker eg fortauet svart. Om det snør tett om morgonen, tek eg ein ekstra runde før eg går på arbeid. Har det snødd på dagtid, tek eg ein ny runde på ettermiddagen, og ligg snøen hardtrampa, saltar eg. nn Mokinga har eg utført med kraft og entusiasme heilt utan oppmoding fordi det gjev stor glede å sjå gode resultat av ein innsats som ofte ikkje tek meir en ti minutt. Nett no freistar Bergen kommune å ta frå meg denne gleda, for her om dagen fekk eg ei tekstmelding frå kommunen der dei minna meg om pliktene mine og varsla om at det kunne ende med gebyr om eg ikkje held fortauet snøfritt. nn Irritasjonen vart ikkje mindre då det tikka inn endå ei melding på telefonen og så ein til. For ikkje å snakke om sinnet eg kjende byggje seg opp då eg også fekk ein e-post. Eg veit dette er gjort i beste meining og ikkje er meint for meg personleg, men eg kjenner innsatsen eg har gjort for hindre hyppige lårhalsbrot på Møhlenpris vert trekt i tvil med dette kommunale meldingsmaset. Eg finn meg ikkje i det. På vegne av fleire:

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.

Bergen

Vi e’kje frå Norge, Vi e’frå Bergen. Bergens Tidende kunne torsdag kveld melda at to bergensarar var på veg inn i regjeringa. Regjeringsrokaden blei det første oppdraget for den nye kongen. Det er mange omsyn å ta i ein regjeringskabal: Kjønn, bakgrunn, utdanning – og sjølvsagt geografi. Det har lenge vore ei misnøye med det svake vestlandsavtrykket i Støre-regjeringa. I fjor kunne Bergensavisen etter ei oppteljing, fortelja at av dei 69 statsrådane og statssekretærane i Støres mannskap, var halvparten frå Austlandet. Frå Bergen har til no kulturminister Lubna Jaffery sete aleine som statsråd.

KI

I podkasten «Ubehaget i kulturen» denne veka diskuterer Morgenbladet-journalistane Hanne Østli Jakobsen og Bernhard Ellefsen utviklinga innan kunstig intelligens. Dei er samde om at det er vanskeleg å forstå kva som er motivasjonen til dei store KI-selskapa, utanom å ville sjå kor kraftig kunstig intelligens kan bli, nærast for moro skuld. Eg trur tvert om at fleire av leiarane i KI-industrien meiner alvor når dei seier at dei vil gjere verda til ein betre stad. Dei er overtydde om at KI vil kurere sjukdommar, gjere energi billigare og skape samfunn der alle har meir ressursar. Det kan godt hende dei tek feil. Det er mange gode grunnar til å vere både skeptisk og negativ til utviklinga av KI. Det er ei av dei største industrielle satsingane gjennom tidene, det skjer veldig raskt, og det er eit ope spørsmål kva det eigentleg vil føre til.