Nytt liv: Marte Huke skapar matrilineære samband mellom litterære formødrer og -døtrer.

Det vesentlege

ENERGI: Strukturen i Marte Hukes diktsamling viser veg inn i eit poetisk sinn. FOTO: LENA KNUTLI LENA KNUTLI

Marte Huke skriv om å vera gravid og, etter kvart, småbarnsmor. Meir konvensjonelle dikt vekslar med dagbokliknande, gjerne daterte prosatekstar. Like etter at dottera er fødd, får ein dessutan nærmast stikkordmessige, daterte oppføringar av barnets utvikling: «25.5 I dag ‘snakket’ hun plutselig i lange setninger». I og med at dikta er litt lause i språk og struktur, gjev denne blandinga av dikt, notat og dagbok det heile ei kjensle av autentisk oppleving, av at ein får ta del i eit poetisk sinns meir eller mindre uredigerte oppleving av det å gå igjennom desse skifta i livet.

Bokmagasinet