Oljeskam

  • Kva er gale med skam? I det siste har det vore knytt mykje negativt til skamkjensla. Ord som flyskam, bilskam, oljeskam og kjøtskam har dukka opp siste året. Ofte frå dei som kjenner seg kritisert fordi dei køyrer for mykje, flyr for ofte, et kjøt eller jobbar i oljeindustrien. Frå kritikarane får vi høyre at skam ikkje hjelper, men er skam i seg sjølv noko å skamme seg over? Skamkjensla smører samspelet og bidreg til at vi kan endre på det vi skammar oss over.

Dagboka