Kritikk

  • Det hender ikkje så reint sjeldan at journalistar får kritikk. Det kan vere fordi vi har skrive noko som ikkje er riktig. Vi kan ha gitt for mykje spalteplass til nokon som den som kritiserer, meiner ikkje burde sleppe til i avisa. Nokre kan vere kritiske til vinklinga eller at vi har gitt ei sak altfor lite plass, eller så er det ein grammatikknerd som har oppdaga at journalisten ikkje er heilt stø i kommareglar eller bøyingsformer.

Dagboka