Språkleg slurv er Sylfest Lomheim indignert over i Klassekampen 23. oktober. Då vil eg håpa det er avisa si skuld at han skriv «tekstmengden» i staden for «tekstmengda», som er einaste form i Nynorsk ordbok. For i denne saka - der «han går så høgt ut» – må han finna seg i å «verta teken hardt». Lomheim kritiserer politiske frasar, men han verkar ikkje frasefri sjølv. Ovanfor er det vist til to av formuleringane hans.