Eg har og ein skade i hjernen. Hjerneskade, ordet smakar litt bittert. Det stinkar litt som sure sokkar som har vore ned i svette løpesko. Det er jo litt ironisk sidan eg ikkje kan springe ein meter. Om eg er heldig kan eg flytte meg 50 meter med støtte frå andre. Då går eg med bøyde knær, litt som Olga på 80 som nærmar seg stygt 81.