Ved Puddefjorden i Bergen held Bergen og Omegn Boligbyggelag (Bob) på med å klargjere ei gamal industritomt til bustadbygging. Tomta ligg langs Damsgårdveien, ei vegstrekning der industrihistoria sto å lese på kvart eit teglsteinsdekka kvartal. No er det berre nokre industrikulissar att.