Eg og kona har ein Parson Russel terrier som heiter Leo. Leo er kvit og med brune teikningar kring eine auget. Ute går han med nasen mot bakken og støvsugar asfalt, grøftekantar, husveggar og ljosstolpar på jakt etter luktteikn på at andre hannhundar har vore der og markert revir. Somme tider løftar han opp det eine beinet og skvett.