Eg og kona selde bilen vår, ein Citröen Xsara, for om lag ti år sidan. Det var ei stor lette. Eg er ingen typisk bilmann. Tok lappen då eg passerte 30 fordi eg skulle flytte til Sogn og Fjordane og kunne ikkje ta jobben eg fekk om eg skulle ha satse på kollektiv transport. Bilhald er heller ikkje noko for meg, så bileige har vore ei samanhengande lidingshistorie med motorstogg, små og store uønskte hendingar og dyre reparasjonar fordi eg ikkje passa særleg godt på bilen.