Dagboka

Sylvi

  • Sylvi Listhaug (Frp) har gått aktivt inn for å fri til konservative, kristne veljarar og spele KrF av banen. Det fortalde Listhaug sin tidlegare rådgjevar Espen Teigen under ein debatt på Arendalsuka som Vårt Land rapporterer ifrå. Det var i samband med lanseringa av tidlegare Vårt Land-redaktør Helge Simonnes si nye bok «Kampen om korset i politikken» at Teigen letta på sløret og fortalde om korleis han og Listhaug retta seg mot denne veljargruppa. «KrF klarte ikke ta vare på egne velgere. Det totale fraværet av egen strategi skapte et voldsomt vakuum. Det var det vi benyttet oss av», forklarte han. Simonnes har fått mykje motstand for analysen han kjem med i boka, om at Sylvi Listhaug spelte ei avgjerande rolle for KrF si retningsval: Medan tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide ville ta avstand frå Listhaug, såg KrF-grasrota på Sør- og Vestlandet henne som ein naturleg alliert.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Sau

Om du viser ein sau fotografi av andletet til andre sauer, og lønar den med mat for å kjenne att dei ulike sauene, kan den hugse femti ulike sauefjes to år etter at den såg bileta sist. Om ein sau anar fare, vil dei andre sauene i flokken skjøne det utan at han lagar ein lyd. Han frys til og stirer mot faren, og etter kort tid får dei andre sauene det med seg og stirer dei og. Ein ung sjimpanse kan sjå ni tal på ein skjerm i ein femdel av eit sekund og deretter peike ut plasseringa deira i rett rekkjefølgje. I forsøk har unge sjimpansar gjort dette betre enn vaksne menneske. Ein hund kan lære namna på meir enn tusen ulike gjenstandar og finne fram akkurat den du ber om. Alt dette er imponerande, men det fortel oss ikkje korleis det kjennest å vere eit dyr. Me har gode grunnar til å tru at også andre pattedyr har medvitne opplevingar, men me veit ikkje kva form tankane deira tek.

Harald

Jeg liker egentlig ikke å seile, kunne kong Harald avsløre til Seilmagasinet i 2023. Det er jo oppsiktsvekkjande at ein mann som har hatt segling som sin viktigaste hobby store delar av livet, seier det. Plikt har truleg vore viktig i livet hans. Då dei norske mennene i 1905 tok stilling til om prins Carl av Danmark skulle bli konge, var dei samiske områda blant dei mest kongetru. I både Kautokeino og Tysfjord vart det ikkje ei einaste nei-røyst. Men i Karlsøy i Nord-Troms hadde Nordlys-grunnleggjaren Alfred Eriksen mobilisert sosialistiske fiskarbønder mot nessekongane. Der røysta 82,9 prosent nei. I Bygland i Setesdal var det den nasjonaldemokratiske motkulturen og målsaka som rådde, og 86,8 prosent røysta nei. Arne Garborg ville ha ein republikansk fristat etter sveitsisk modell. I artikkelen «Stundi er komi!» argumenterte han for at tida var inne for republikk. Han frykta at ein dansk prins ville styrkje dei urbane dansk-norske kreftene og svekkje dei norsk-norske. Klokka 18.48 fredag kveld passerte den avlidne kong Harald ni og ein halv meter frå inngangsdøra mi på Ullevål i ei lysebrun kiste. Det pøsregna, men heile den vesle Sognsveien var full av folk med blomar og flagg.

Einars nei

For å få pause fra kommentariatets EU-mas om avstemning og islandssug har jeg hoppet av nettaviser til fordel for en bok. Etter å ha hørt Nasjonalbibliotekets utmerkede podkast «Strid» om de norske borgerkrigene i sommer, har jeg blitt inspirert til å lese Snorres kongesagaer. Der oppdaget jeg at det ikke er første gang det er folkeavstemning om sjølstyre på Island. Den gang var det Norge, som var sentralmakta Island ble lokket til å tilslutte seg. I Olav den Helliges saga vil Olav legge Island under seg. Han vet at islendingene er sta og selvstendige, så han må bruke list. Han tilbyr islendingene å bli hans menn, i bytte mot herlige gaver og mektig vennskap. Som en nærmest symbolsk markering av avtalen ber han om eierskap til den lille øya Grimsey på nordkysten av Island.