DebattHøgareIngrid Fiskaa, landsstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti
Overskrifta i seniorrådgivar Tormod Furuseth sitt svar til meg 5. juli er god. For kva skal me eigentleg med høgskulane og universiteta våre? Den diskusjonen bør fleire delta i. Eg er nemleg ikkje sikker på at alle støttar premissa som ligg til grunn for dei endringane me no ser, og som nedlegging av utdanningane på Nesna og Sandnessjøen er siste utslaget av.