Kven var Claude Cahun? Født inn i det franske småborgarskapet i 1894 som Lucy Renee Mathilde Schwob i 1894, død 1954. Fotograf og kunstnar, tok kunstnarnamnet Cahun og markerte seg som ei drivande kraft i den surrealistiske rørsla i mellomkrigstidas Frankrike. Mest kjend for den store mengda sjølvportrett – som ofte vart til i samarbeid med livspartnaren Suzanne Malherbe, kunstnarnamn Marcel Moore – der Cahun iscenesette seg sjølv i eit utal roller og forkledningar, i eit klart brot med binære kjønnsroller og teoriar om eit heilskapleg eg. Antinazist og aktivist under andre verdskrigen, vart fengsla og ilagt dødsdom i 1944, slapp ut ved frigjeringa i 1945.
Portrett: «Cahun» er eit godt, men umogleg forsøk på å fange avantgardekunstnaren i romanform.