Å gje opp ungdom på grunn av personvern er eit særskilt hysteri.
Solveig Aareskjold, forfattar
KRENKING: Simon Malkenes provoserte mange. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/KlassekampenKRENKING: Simon Malkenes provoserte mange. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/Klassekampen
I 2017 gav Zeshan Shakar ut «Tante Ulrikkes vei», som handlar om to oslogutar med innvandrarforeldre. Den eine er eit nevrotisk skulelys, den andre ein halvspråkleg analfabet. Ingen av dei kjenner seg heime i det norske samfunnet, men skulelyset har i alle fall sjanse til å få seg ein god jobb. Den halvspråklege held strak kurs mot arbeidsløyse og kriminalitet.