Folkedraktene koketterer ikkje, men står for ein alternativ estetikk.
Solveig Aareskjold, forfattar
For to-tre år sidan stod ein fransk komikar på ei norsk scene og underheldt med kor pussig sed og skikk her oppe i den landsens avkroken vår tek seg ut for ei som kjem frå verdsens midtpunkt, Paris. Publikum lo høfleg, og aller mest då ho kom til bunaden: Korleis kan nokon bruka førti tusen kroner på å rigga seg ut i noko så klumpete og umoderne? Men det var her ho for alvor fall ut or rolla som raffinert parisar og avslørte seg som kontinental heimføding.