Store poetar: Fordi dikta er gode, gjer det godt å lese dikt om menstruasjon og klesstell.

Den andre estetikken

POETISK GULL: Amalie Kasin Lerstangs kvinneantologi er solid litteraturformidling. FOTO: KRISTINE HELLIESEN

Det tar tid å kome over den indre motstanden mot at sterk poesi av markante poetar skal samlast under merkelappen «Dikt om kvinner og kvinnekamp». Simone de Beauvoirs påpeiking av at kvinna blir omtala som den andre, avviket frå mannen, rungar i medvitet kvar gong ord som liv, kamp og erfaring blir presentert med prefikset «kvinne-». Men om ein no klarer å legge den refleksen til side, så er det både sterke litterære opplevingar og fellesskap å hente i desse dikta som er skrivne med utgangspunkt i erfaringar som ofte er nettopp spesifikke for kvinner.

Bokmagasinet