Sårbeinte etter ein framifrå 1. mai i hovudstaden, støytte vi på Arne Rolijordet og fekk nytt om dagens tog. «10.600», sa han blidt, «det største nokon gong». Endeleg har Rolijordet fått den autoritet han fortener i spørsmål om deltaking i tog, for no var han på jobb for LO Oslo, og Fri Fagbevegelse brakte talet vidare. Dermed vart det også nytta av NTB, og blir ståande som sanninga om 1. mai 2019 i Oslo. 10.600.