Mai Elisabeth Berg har i fleire lesarinnlegg, sist i Klassekampen 8. april, hevda at eddakvada er dikt frå kristen høgmellomalder og ikkje gir oss kunnskapar om førkristen mytologi. Ho viser til tyske forskarar som vil datera mange eddakvad til 1100-1200-talet. Men sjølv om det finst forskarar som meiner dette, og sjølv om tendensen lenge har vore å oppfatta eddakvada som yngre og yngre, så står det strid om desse oppfatningane. Faktisk har det alltid vore strid om alderen på eddakvada, for dateringane bygger på skjønn, andre haldepunkt har det vore vanskeleg å finna, og skjønn varierer frå person til person.