I en Fokus-kommentar 25. april går Klassekampens Maria Dyrhol Sandvik til åtak på NHO for ikkje å fortelje heile sanninga om EØS. Argumentet er at vi ikkje omtalar sosial dumping i høyringssvaret vårt til SV sitt framlegg om å utgreie alternativa til EØS-avtalen. Her blandar Sandvik eple og pære. Sjølvsagt er NHO opptatt av å kjempe imot sosial dumping og svart arbeid. Det diskuterer vi kva tid som helst. Men høyringssvaret gjaldt altså spørsmålet om utgreiing av alternativa til EØS-avtalen.