Kraftkarane Harald og Ola

Kongeparet var nyleg i Chile, og vart møtt av sinte demonstrantar både i Santiago og Puerto Williams. Urfolket yagan bur sør i landet. Protestantar med krigsmåling hamra laus på bilkortesjen i raseri over korleis den norske oppdrettsbransjen driv på. Kong Harald var storsinna nok til å seia at «vi synes det er riktig at de skal bli hørt». Norsk laksenæring i Chile har drive på i strid med det som skulle vera berekraftig. Om du vil veta meir, les kva Kjersti Sandvik skriv i boka «Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret».

Mer fra Klassekampen