Dei siste par åra har dei fleste media vore ganske tause om problema i eurosona. Det vil sannsynlegvis endre seg i løpet av det komande året. OECD har nyleg revidert vekstprognosane for 2019. Der er det ikkje Kina eller USA, men eurosona som kjem verst ut. Eurosonas vekst i BNP er nedjustert frå 1,8 til 1,0 prosent i inneverande år. Og endå verre: Eurosonas vekstlokomotiv Tyskland får nedjustert sin vekst frå 1,6 til 0,7 prosent, medan prognosen for Italia er minus 0,2 prosent. Under føring av Tyskland har EU-kommisjonen kravd eller tilrådd ein drakonisk og øydeleggande innstrammingspolitikk i land som Hellas, Spania og Portugal, og no Italia. Samstundes har den tyske marknaden vore viktig for desse landa sin eksport, særleg av turisme. Når den tyske marknaden krympar, blir dei økonomiske tilstandane i dei svakaste euro-økonomiane raskt forverra. La oss sjå litt nærare på tilhøva i Hellas.
Eurosystemet har gjort Hellas til eit veritabelt gjeldsfengsel.