Frisøren

  • Eg går til frisøren kvar tredje månad for å klippe håret. Eg får meg samstundes ein hårvask. Det er godt når nokon masserer sjampo inn i hovudbunnen, skyl varsamt og tek ein ny omgang før sjølve klippinga. Før frisøren skyl håret første gong, sjekkar han temperaturen på vatnet, rettar dusjstråla varsamt bort til hovudet og spør om det er passe varmt. Det kan vere tale som små nyansar opp eller ned for å få temperaturen akkurat passe, men ingen store endringar.

Dagboka