Den største trugselen mot sanninga er ikkje løgn, skriv Jon Hellesnes.

Sutleprat

RETT MANN PÅ RETT PLASS: Jens Stoltenberg godsnakkar som ein mild, humanistisk psykiater til dei nervesvake, skriv Jon Hellesnes. FOTO: FRANCISCO SECO/AP, NTB SCANPIX Francisco Seco

Seint på vinteren 2016 gjekk militærøvinga Cold Response for seg i Trøndelag, naturlegvis med eit visst innslag av USA-soldatar. I tråd med det nye konseptet for militær opptrapping nytta USA då høvet til å utvide lageret sitt av krigsmateriell i Norge med nytt og avansert utstyr. Erna Solberg var på plass blant soldatane då ho blei intervjua av NRK. Intervjuet blei sendt i Laurdagsrevyen 5. mars 2016. Ho framstilte alt ved Cold Response, inkludert lagringa av krigsmateriell, som tiltak for normalisering og avspenning. Avspenning? Ein litt spesiell ordbruk, må vi vel kunne seie.

Med andre ord