Skeiser 2

  • Eg har allereie teke opp her i Dagboka det absurde med at tyngdepunktet i norsk skeisesport, i alle høve for dei mannlege skeiseløparane, dei seinaste åra har flytta til Bergen. Det toppa seg i fjor då Håvard Lorentzen vann OL-gull på 500 meter, noko han mellom mykje anna fekk både Oscarstatuetten og Aftenpostens Gullmedalje for. Viktigast sjølvsagt for oss i Bergen. Han vart kåra til Årets bergensar av lesarane til Bergensavisen (BA).

Dagboka