Skuleljos

  • Eg gjekk første klasse på Hop skole i dåverande Fana kommune sør for Bergen. Skulen var eigentleg ein framhaldsskule, men det mangla klasserom på Paradis, der vi eigentleg skulle gå, så dei tre første skuleåra for oss som budde på Hop var lagt til nærskulen.Klassestyrer var ein ung kvinneleg lærer som dei aller fleste elevane likte godt. Mor seier eg ville ha eit bilete av ho på veggen over senga. Akkurat det kan eg ikkje hugse at eg nokon gong bad om, men eg hugsar nokre innslag frå timane. Etter kvart som vi lærte å lese, skrive og rekne, skipa frøken, ja vi kalla ho det, til klassetevlingar i diktat og rekning. Vi fekk diktatar der vi skulle skrive ned einskilde ord frå kva setning frøken las og vi hadde rekneprøvar med pluss- og minusstykke der vi skulle skrive ned summen.

Dagboka