Ytre høgre går i dress og snakkar med innestemme.

Fascisme 2.0

Roleg musikk i bakgrunnen. Avisoverskrifter og statistikk underbygger påstandane. Forteljarstemma er kontrollert og sakleg. Bileta fortel ei tydeleg historie om invasjonen som er på gang. Samfunnet som me kjenner det, er i ferd med å bli grunnleggande endra om ikkje me handlar raskt. Det heile er profesjonelt sett saman. På tolv minutt blir me forklart kvifor Vesten må kvitta seg med demokratiet, og det er tilsynelatande godt grunngitt. Ein liknande video forklarer kvifor kvinner, som er så styrt av kjensler, er ein fare for nasjonen. Menn må ta ansvar.

Fokus