På trettitalet sto lokal mobilisering i sentrum for Arbeidarpartiet.

Utkant­stra­te­giar

Tidleg på 1930-talet gjorde Arbeidarpartiet «heile folket i arbeid» og «by og land – hand i hand» til hovudoppgåve og gav avkall på eller utsette på uviss tid målet om revolusjon. I ettertid vil dei fleste, også dei av oss som ønskjer revolusjon, meine at snunaden var fornuftig. Den medverka til at landet tok lange steg vekk frå den økonomiske krisa og like eins at nazismen aldri slo rot her for alvor.

Fokus