På sokkel

  • Den verdskjende komponisten Edvard Grieg var bergensar, noko bergensarar flest kan vere snare med å minne andre på. Bustaden til Edvard og Nina Grieg, Troldhaugen, er eit elska turistmål vitja av 80.000 kvart år. Grieghallen er byens storstove og konsertsal. Griegakademiet er namnet på Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen. Edvard Griegs plass, Edvard Griegs vei og Quality Hotel Edvard Grieg er døme på namn der komponisten vert heidra eller nytta til pynt. Men det vart aldri noko av då bergensarar ville kalle flyplassen opp etter komponisten. Avinor valde i staden Bergen lufthavn, og det lever nok bergensarane godt med.

Dagboka