Samfunnsforsking
Ei felles samtale om samfunnet
Dokke reirar dokke som gaukungar i trastereiret». Den godt vaksne mjølkebonden brukte analogien som ei innleiing til å påpeike eit paradoks i den moderne samfunnsforskinga. «Det er me – folket – som før dokke opp, men sjølve ser dokke ut til å gi f … i våre born».
Vel, det var kraftig kost, men me kjente til bonden frå før og viste at ho vanlegvis brukar å nyansere seg etter at ho berre får rast frå seg. Det som plaga bonden var at ho meinte at me, samfunnsforskarane, ikkje lenger samtalar med dei me forskar på og for. Me kjem – nett slik me no gjorde – inn på tunet til ein bonde for å intervjue ho, me brukar ein time eller to av tida hennar, utan at korkje ho eller hennar like får noko tilbake.
Og ho har eit poeng her, sjølv om ho er aldri så spissformulert. Ho peikar på eit sentralt paradoks for vår tids samfunnsforsking.
Bjørn Egil Flø og Eirik Magnus Fuglestad